21 april 2007

Laurdagsmorgon


Far min og eg har heldt det gåande sidan kl 6.08 idag. Eg slumra rett nok av ein times tid slik i ellevetida, men det trur eg ikkje far min gjorde. Då eg vakna var det nybakt brød...
I dag er det så fint vér at vi sikkert skal ut på byen ein tur. Veit ikkje heilt kvifor for når eg sit i vogna mi så får eg sola i augene, og når det ikkje er sol så er det litt kaldt, og så sit eg jo berre fastspent der...jaja. Det er iallefall betre enn å berre leike med dei få leikene eg har. Det er ikkje spennande...om ikkje far min leiker med meg då. Då kan det gå an det óg.

Ingen kommentarer: