11 oktober 2009

bloggen som var gløymt


Her har vi ein fin blogg for gladguten som ligg totalt uverksam, bloggen altså, men no kan den jo bli vekt opp?


Opnar med dette for diskusjonar kring det å vere tre år i oslo.


Ein kan t.d. spekulere om kva ein skal bli når ein blir vaksen. Ein kan bli doktor, men då må ein ha gamalt hår slik som far sin. Det held kanskje med at venninna får gamalt hår, då kan ein bli doktor!




06 mai 2007

Tripptrappstolen

I dag har eg lært meg å klatre opp i tripptrappstolen. Det er jo ei trapp der. Einaste dumme er at når eg kjem opp på toppen så må eg snu meg rundt, og der har far min sett på ei bøyle og ei reim som skal vere mellom beina mine. Med litt strev går det nokså bra likevel. Eg er ikkje sikker på om far min er så begeistra for at eg har lært meg dette, for han smilte veldig usikkert og stod rett ved sida av med hendene klar til å ta meg når som helst. Akkurat som om han ikkje stolte på meg…men eg er stolt!I dag har eg lært meg å klatre opp i tripptrappstolen. Det er jo ei trapp der. Einaste dumme er at når eg kjem opp på toppen så må eg snu meg rundt, og der har far min sett på ei bøyle og ei reim som skal vere mellom beina mine. Med litt strev går det nokså bra likevel. Eg er ikkje sikker på om far min er så begeistra for at eg har lært meg dette, for han smilte veldig usikkert og stod rett ved sida av med hendene klar til å ta meg når som helst. Akkurat som om han ikkje stolte på meg…men eg er stolt!
http://www.stokke.com/product.asp?p=TrippTrapp&la=NO&na=NO&div=C

21 april 2007

Laurdagsmorgon


Far min og eg har heldt det gåande sidan kl 6.08 idag. Eg slumra rett nok av ein times tid slik i ellevetida, men det trur eg ikkje far min gjorde. Då eg vakna var det nybakt brød...
I dag er det så fint vér at vi sikkert skal ut på byen ein tur. Veit ikkje heilt kvifor for når eg sit i vogna mi så får eg sola i augene, og når det ikkje er sol så er det litt kaldt, og så sit eg jo berre fastspent der...jaja. Det er iallefall betre enn å berre leike med dei få leikene eg har. Det er ikkje spennande...om ikkje far min leiker med meg då. Då kan det gå an det óg.

20 april 2007

Fredagskveld!

I kveld har eg ete gryterett med hendene. Det var veldig gøy. 
Far min tykte at det var supert at eg greidde å ete på eigenhand, og brydde seg ikkje om at eg rota litt overalt. Mor mi var også glad for at eg greidde å ete heilt på eigenhand. Og så med bestikk då! Rett nok er eg i tvil om eg tok skeia i den rette handa,
men så er eg berre tretten månader enno.
I morgon er det fridag frå barnehagen. Då skal eg stå opp ekstra tidleg for å glede far min!
Han set pris på litt selskap i sekstida på laurdagsmorgonar. Det veit eg av erfaring.

16 april 2007

Om å bli invitert


Da har vi fått invitasjon til å reise på tur til sun(d)møre i slutten av juli. 
Tante og Onkel i Volda held selskap for den nye guten. Han skal døypast. 
Det blir spanande å finne ut om namnet blir Håvard eller Herkules.
Eg held ein knapp på det siste. Han blir jo så liten når vi skal leike saman
at det er fint om han har eit solid namn. Eg har iallefall lyst til å leike!
Trur eg skal greie å overtale foraldra mine til å reise dit.

13 april 2007

Min fyrste blogg


Hei!


Hei g heiter

Hei eg heiter


Hei. Eg heiter John Henrik.
Eg
 

omtrent slik snakkar eg no. utan ord altså. det høyrest meir ut som "ladl ladl la".
Eg har nett fått meg eit nytt syskjenborn i Volda, og så har eg byrja gå! Daganemine er slik: Eg vaknar mange gongar om natta og vekkjer mor og far min for å få meg litt tørstedrikk. Frå klokka sju omtrent er det full fart og slik i nitida tek far min eller mor mi meg til barnehagen. Etter å ha leika meg der 
og kosa med barnehagetantene blir eg henta av mor mi. Så er det gøy med mat og herjing i heimen.
men legge meg vil eg ikkje...
omtrent slik går dagane.