20 april 2007

Fredagskveld!

I kveld har eg ete gryterett med hendene. Det var veldig gøy. 
Far min tykte at det var supert at eg greidde å ete på eigenhand, og brydde seg ikkje om at eg rota litt overalt. Mor mi var også glad for at eg greidde å ete heilt på eigenhand. Og så med bestikk då! Rett nok er eg i tvil om eg tok skeia i den rette handa,
men så er eg berre tretten månader enno.
I morgon er det fridag frå barnehagen. Då skal eg stå opp ekstra tidleg for å glede far min!
Han set pris på litt selskap i sekstida på laurdagsmorgonar. Det veit eg av erfaring.

Ingen kommentarer: