21 april 2007
Laurdagsmorgon
Far min og eg har heldt det gåande sidan kl 6.08 idag. Eg slumra rett nok av ein times tid slik i ellevetida, men det trur eg ikkje far min gjorde. Då eg vakna var det nybakt brød...
I dag er det så fint vér at vi sikkert skal ut på byen ein tur. Veit ikkje heilt kvifor for når eg sit i vogna mi så får eg sola i augene, og når det ikkje er sol så er det litt kaldt, og så sit eg jo berre fastspent der...jaja. Det er iallefall betre enn å berre leike med dei få leikene eg har. Det er ikkje spennande...om ikkje far min leiker med meg då. Då kan det gå an det óg.
20 april 2007
Fredagskveld!
I kveld har eg ete gryterett med hendene. Det var veldig gøy.
Far min tykte at det var supert at eg greidde å ete på eigenhand, og brydde seg ikkje om at eg rota litt overalt. Mor mi var også glad for at eg greidde å ete heilt på eigenhand. Og så med bestikk då! Rett nok er eg i tvil om eg tok skeia i den rette handa,
men så er eg berre tretten månader enno.
I morgon er det fridag frå barnehagen. Då skal eg stå opp ekstra tidleg for å glede far min!
Han set pris på litt selskap i sekstida på laurdagsmorgonar. Det veit eg av erfaring.

16 april 2007
Om å bli invitert
Da har vi fått invitasjon til å reise på tur til sun(d)møre i slutten av juli.
Tante og Onkel i Volda held selskap for den nye guten. Han skal døypast.
Det blir spanande å finne ut om namnet blir Håvard eller Herkules.
Eg held ein knapp på det siste. Han blir jo så liten når vi skal leike saman
at det er fint om han har eit solid namn. Eg har iallefall lyst til å leike!
Trur eg skal greie å overtale foraldra mine til å reise dit.
13 april 2007
Min fyrste blogg
Hei!
Hei g heiter
Hei eg heiter
Hei. Eg heiter John Henrik.
Eg
omtrent slik snakkar eg no. utan ord altså. det høyrest meir ut som "ladl ladl la".
Eg har nett fått meg eit nytt syskjenborn i Volda, og så har eg byrja gå! Daganemine er slik: Eg vaknar mange gongar om natta og vekkjer mor og far min for å få meg litt tørstedrikk. Frå klokka sju omtrent er det full fart og slik i nitida tek far min eller mor mi meg til barnehagen. Etter å ha leika meg der
og kosa med barnehagetantene blir eg henta av mor mi. Så er det gøy med mat og herjing i heimen.
men legge meg vil eg ikkje...
omtrent slik går dagane.
Abonner på:
Innlegg (Atom)